Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongen er i gang med turnering og golfkurs

Elinor Bolme Tysdag 30. april 2019

Surnadal Golfklubb har no offisielt åpna banen til spel. I påska starta dei jobben med å få banen sesongklar, og kan no presentere ein tipp topp bane før 1. mai.

Årleg inviterer golfklubben til nybegynnarkurs (Veien Til Golf – VTG). Årets kurs går av stabelen laurdag 11., søndag 12. og mandag 13. mai.  Kurset er beregna på dei som har lyst til å bli kjent med golfsporten.

Kursinstruktører er som vanleg Tove og Geir Garte, og kurset gir fri spelerett på banen i heile 2019-sesongen.

Ellers er det fortsatt ledige plassar på helgas åpningsturnering»Hook & Slice» laurdag 4. mai. Denne gongen er det individuell stableford. Påmelding: Åpningsturnering «Hook & Slice».

 

Publisert: 30. april 2019, 21:40