Tysdag kveld var det avslutting for lagseriestemna i friidrett for sesongen 2017. Det er ski- og friidrettsgruppa som arrangerer lagseriestemna, og dei hadde lagt avluttingskvelden til Tjønnmyran. Det var populært. Her var det full fart og stor aktivitet heile tida.
Ingeborg Myrvang kunne fortelje at det er åtte lagseriestemne på Bordholmen i løpet av sesongen, fem om våren og tre om hausten. I tillegg til Ingeborg er Gunnar Nordvik, Malli Brusethaug, Justyna Krajewska, Anne Hørdis Telstad og Einar Talgø med i ski-og fridirettsgruppa. På lagseriestemna er det forskjellige øvingar som kast av liten ball, 60-meter, 400-meter, stille lengde og lengde med fart. Viss nokon ønskjer å ta idrettsmerket stiller dei opp for å ta tida, måle lengder og notere resultat.
Under avsluttinga på Tjønnmyran var det stort oppmøte. Her var det ymse aktivitetar mellom anna orientering, ungane vart inndelte i lag og engasjementet var stort. Etterpå var det servering av pølser med brød, frukt og kaffe.
Ungane var aktive og kosa seg oppe i det flotte anlegget til idrettslaget; klatretaua var populære, likeså sandkassen og sjølvsagt så innbyr skogen og bakkane rundt gapahuken til leik og aktivitet.
Da er det berre å håpe på ein snørik vinter så det kan bli skileik oppå Tjønnmyrå!
Fleire bilete frå avsluttinga for lagseriestemna: