I helga var det Norgesmesterskap (NM) for lag i motocross på Skaun Motorsenter i Skaun. Ola Vikan (13) deltok der på regionlaget NL Autosport i klassen MX 85. Det var meininga Ola også skulle vere med på avslutningsløptet i Østlandscup domande helg, men sjukdom gjer at han vel å stå over der. Dermed vart helgas NM på mange måtar sesongavslutninga for Ola, sjølv om han til helga deltek på eit haustløp i Snillfjorden.
Ola køyrde tre heat, og han gjorde det veldig bra. Fasit vart to førsteplassar og ein femteplass. NL Autosport vart nummer fem, noko som er den beste plasseringa eit regionlag kan få i NM. Dei fire første plassane går til klubblag.
Far, Petter Vikan, var i helga lagleiar for laget NL Autosport. Han er strålande nøgd med resultata laget og ikkje minst Ola oppnådde.
Til neste år satsar Ola på å delta i Østlandscup, seks løp, og i NM. Vi gratulerer og ønsker lykke til vidare med satsinga!
Ein kan følge Ola på Instagram Olavikan496.