Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavslutning i Svinviks arboret i helga

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. august 2023

Tida går fort, i Svinviks arboret er det i helga siste ordinære opningshelg i Svinviks arboret denne sesongen. Så har du tenkt deg til Svinvika, så er du velkommen til å ta turen innom i helga. Arboretet lovar ei triveleg hagestund, med kaffe kake, wienerbrød og is – og meire til. Opningstida er klokka 11:00 – 16:00 både laurdag og søndag.

Det vil framleis vere mogleg å besøke hagen utover seinsommaren, da betaler ein billett med Vipps, men kafeen vil ikkje lenger vere open.

Svinviks arboret minner samstundes om at dei er arena for utegudstenesta den 20. august, og at dei planlegg eit arrangement i samband med eplehaustinga. Meir informasjon om dette kjem seinare.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 4. august 2023, 16:54