Kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer til sesongavslutning for Rusleturar og Kløverturar i Sanitetshuset måndag 5. november. Det blir oppmøte ved Sanitetshuset kl. 11.00. Yr melder mildt og godt ver, så da blir det først trimtur i nærområdet til Sanitetshuset; rundt om byggefeltet, utover til Småbåthamna eller ein tur opp til Løfta.
Etter turen blir det servering og sosialt samver i sanitetshuset. Dersom nokon treng skyss, kan dei ta kontakt med:
Jorunn Hals Ørsal, tlf.: 942 78 914, eller
Dordi Jorunn Halle, tlf.: 924 58 007.
I løpet av året har det så langt vore 29 turdagar, av dei sju rusleturar. Deltakartalet har variert frå 8 til 29. Det ser ut som Kløverturen er eit tiltak som blir sett pris på, og da er det fint å markere sesongslutt med kaffe og kaker! Og alle som har vore med på tur eller kaffelag, er velkomne til å bli med på avslutninga. Er ikkje dagsforma på topp og det er vanskeleg å gå tur, så er det berre å møte opp og bli med på kaffelaget!
Dette blir siste dagen med Rusletur dette året, men det kan bli fleire Kløverturar utover hausten.
Alle er velkomne!