Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavslutning for J/G 7, 8 og 9.

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. september 2019

Søndag 15.september var det avslutning for J/G 7, 8 og 9. I år drog vi til Surnadal for å markere at sesongen var over. Først var det pizza på Napoli for alle spelarar, søsken og foreldre. Totalt 32 var med på sesongavslutninga med høg stemning. Etter at vi var blitt gode og mette tok vi turen over gata til kulturhuset. Her såg vi filmen Toy Story 4. Det var eit verdig punktum for årets sesong.

Klare for servering.

 

J/G 7, 8 og 9 har i år hatt 12 spelarar, noko som betyr at 100% av dei potensielle har vore med.

 

I tillegg spelar Trygve Alexander og Jens Sancho på Søya/Todalen sitt J/G 8/9 årslag, som deltek i seriespel.

 

J/G 7, 8 og 9 har i år delteke på SIL-regn CUP, Todalsdagen og Søyacupen. Laget har hatt treningar på Bordholmen kvar måndag frå starten av mai. Treningane vil fortsette fram til haustferien dersom veret tillet det. Trenarar denne sesongen har vore Ola Dalsegg og Ole Martin Øyen, med bistand frå nokre av foreldra undervegs.

 

Spelarane som har vore med er:

Lars Ailo

Ådne

Mikael

Anders

Jakob

Lisa

Nathalie Astrid

Trym

Fredrik

Martine

Trygve Alexander

Jens Sancho

Publisert: 15. september 2019, 19:04