Tysdag 28.september er det sesongens siste tur for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Sesongens siste tur går til Bollen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring Vindøldalsvegen. Hugs at bompengane (kroner 100,-) må betalast med kort.
Frå Vindøldalsvegen og opp til Bollen er det ein grei tur. Ta med gode sko, mat, drikke og ikkje minst ditto humør, oppfordrar Kristian Ranes.
Fjellgruppa ønskjer vel møtt til sesongavslutning!