Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavslutning – Fjellgruppa til Vardfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. juni 2022

Torsdag 30. juni går vårsesongens siste tur for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Da tek dei turen til Vardfjellet inst i Bøverdalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Bøverdalen og Øygaraden. Der blir det parkering, og turen går så mot Vardfjellet, som ligg på rundt 600 meter over havet. 

Kristian Ranes i Fjellgruppa, oppfordrer alle til å ta med: Gode sko, stor matpakke og mykje drikke i sekken. – Godt humør har vi attåt, legg han til.  

Fjellgruppa ønsker velkommen til vårsesongens siste Fjellgruppe-tur!


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 24. juni 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 23. juni 2022, 19:40