Surnadal Alpinsenter melder i kveld om at anlegget endeleg er klart for åpning i morgon kl 11.00. Mange har i løpet av dei siste dagane allerede ordna seg med heiskort, slik at det berre er å sette utfor når heisen startar på føremiddagen i morgon.
Isak Drøpping er ein av dei som no definitivt er klar for ein ny og lang sesong i slalombakken.

Det er rindalsfirmaet EL-Watch som er leverandører for det nye autmatiske billettsystemet til alpinsenteret, og Nils Arve Hyldbakk (til venstre) fra firmaet bistår i oppstarten av bruken av systemet og var også til stede i dag. Her knipses det sesongkortbilde av Isak, og driftsleder Geir Magne Haugen følger nøye med.
Les meir om åpningstider og prisar på Surnadal Alpinsenter si heimeside.