I mange år var det «Eldremiddagen» som stod for servering av middag i Sanitetshuset på Kvennset. Den gongen byttes to kokkeleg på matlaging og servering annakvar veke. Etter kvar vart det vanskeleg å få kokkar til å ta på seg dette arbeidet og eldremiddagen var etter kvart lagt ned. Vi i omsorgsgruppa i Todalen sanitetsforening prøver på en måte å fylle noko av tomrommet etter eldremiddagen, og inviterer bygdefolket til middag eit par gong i året, seier Jorunn G. Ørsal som er leiar for omsorgsgruppa. – Men det er først og fremst for å skape litt trivsel at vi held på med dette, seier ho.
På dagens middag var det rundt tretti til bords, og dei 4 kokkane serverte retten «Kjøtt i mørket», med potet, gulrot og stua erter til hovudrett, og eplekake med krem og kaffe til dessert. På kjøkkenet hadde Jorunn med seg Karen Johanne Talgø som sjefskokk og i tillegg Åse Redalen og Synnøve Talgø som alle er aktive sanitetskvinner.