Det er tøffe tider i byggebranjen – det blir faktisk bygd færre bustader enn det har vore gjort på fleire tiår. Dette påverkar heile bransjen og det har ført til mykje mediaomtale i kjølvatnet av mange prosjekt som har rett og slett har havarert. Utbygginga av Skorpa i Kristiansund eit prosjekt som har lidd ein slik skjebne. No er Talgø Tradbo kopla på for å sluttføre prosjektet med 5 bustader som fikk tverrstopp i samband med konkursen.
Talgø Tradbo har no fått avtale med Sparebank1 Nordmøre om å sluttføre dette prosjektet, og er i gang med dette arbeidet. Mellom anna er dette prosjektet med og sikrar arbeid heilt til vårs for både Talgø Tradbo og for averøyselkapet Einar Mork som begge er byggfirma i Talgøkonsernet.
Elles har Talgøselskapa prosjekt under arbeid både på Bruhagen og på Kårvåg som vil bidra med ein del vinterarbeid som sikrar sysselsetting fram til våren i første omgang, seier konsernsjef i Talgø, Terje Talgø. Han påpeikar at det også ligg ein del vinterarbeid i innreiinga av ein 6-mannsbustad som er under oppføring i Svartvassbakken i Surnadal. Elles er det fleire ting på gang, så det treng ikkje å bli så vanskeleg – og på lengre sikt tillater vi oss å være litt optimistar.