Har du sett den gule septikbilen – snart er han nok på tur til deg. Robin Sørland og Simon Osvold Surnde skal nemleg innom kvar einaste septiktank i Todalen og tømme for faststoff. Dersom du må grave fram lokket så begynner det å haste no – og er ikkje tanklokket gravd fram så blir det nok ein ekstra kostnad dersom det blir ekstratur!
Dei reknar med å bruke heile veka i Todalen, og kanskje litt av neste veke før dei er ferdige. Det er no to år sidan sist tanken vart tømt og det blir to år til neste gong – altså blir neste tømming i 2017.