Siste kløverturen i september var lagt til Nordvik, og turdeltakarane var utruleg heldige med veret. Det vart ein nydeleg haustdag med sommartemperatur, gradstokken viste 20 grader.

Her er turfølget. Frå venstre Jorunn H, Helen, Dordi Jorunn, Anne Helene, Dordi, Roger, Synnøve, Åshild, Åse Johannne, Torgunn, Helga, Jorunn Ø, Sigrun. Foto: Marit S S
Turen starta frå Sjøleet og gjekk utover til enden av vegen i Haltbakkan, ein idyllisk og fin tur. Dette er ein tur med passe lengde for kløvertur, og ikkje minst godt egna for å kombinere god prat og trim, altså ikkje for bratt! Godt å kome ned til sjøen, altså til Haltbakkhavet!
Første kløverturen i oktober som er måndag 4., blir utover Ansnesvegen med start frå Todalsøra. Men som vanleg oppmøte ved Matkroken.
Fleire bilete frå turen til Haltbakkan: