Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Senterpartiet trefte Todalingane

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. august 2015

Laurdag var senterpartiet på stand i Todalen, og «gjorde sine hoser grønne» for Todalingane utafor Matkroken. Det er no berre 2 veker att til valet, og valkampen held på og kjem inn i siste fase – utan at det er nokon store bomber som ser ut til å kome på oppløpsida.  Sjølvsagt var ny kommunstruktur, skulesak og bru/tunnelsak sentrale også denne dagen.      – Folk er utruleg opptekne av at Svinvika og arboretet ikkje skal raserast om det kjem ei utbyggjing i nær framtid.

PolitiskDebatt_2094

Litt debatt vart det da – med inspirasjon frå Dagens Næringsliv. Frå venstre Oddvar Mikkelsen, Ståle Ansnes, håvard Halset, Jon Bjarne Husby, Sjur Fedje, Terje Nordvik og Nils Håvard Øyås. Foto: Jon Olav Ørsal

Ellers laga handelsmann Nordvik litt debatt da han stillte konkrete spørsmål inspirert frå medbringa avis frå Dagens Næringsliv, der det var spørsmål om standpunkt til søndagsopne butikkar – om konkurrqanseutsetjing av omsorgstenester  – og fleire i same sjangen. Men Nils Håvard Øyås & Co såg ut til å bite frå seg og hadde tilfredstillande svar på dei fleste spørsmåla.

På standen til Surnadal senterparti deltok ledar Nils Håvard Øyås, Håvard Halset (kandidat frå Todalen, saman med Ragnar Halle), Einar Grønnes, Oddvar Mikkelsen, Gunnhild Bøklepp Bøe.  Måndag 14. september er det val, og her i Todalen krins er det som vanleg i skulen at det skal gå føre seg. Til da må du ta eit standpunkt, og møte opp og gjera din borgarplikt.

Venås_Kitty_EinarG_2093

Kitty meinte at brua måtte kome i land på Mulneset, slik at Svinvika blir skåna – her flankert av Bernt Venås og Einar Grønnes som var her for å varme opp til standen på Kvanne. Foto: Jon Olav Ørsal

StasBallonger_2091

Nathascha Maria på pappa Gunnars fang og Nathalie Astrid tykte det var stas med ballongar. Foto: Jon Olav Ørsal

SjurFedje_2088

Sjur Fedje viste fram valbrosjyra han hadde laga til Molde senterparti. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

Publisert: 29. august 2015, 21:35