Laurdag var senterpartiet på stand i Todalen, og «gjorde sine hoser grønne» for Todalingane utafor Matkroken. Det er no berre 2 veker att til valet, og valkampen held på og kjem inn i siste fase – utan at det er nokon store bomber som ser ut til å kome på oppløpsida. Sjølvsagt var ny kommunstruktur, skulesak og bru/tunnelsak sentrale også denne dagen. – Folk er utruleg opptekne av at Svinvika og arboretet ikkje skal raserast om det kjem ei utbyggjing i nær framtid.
Ellers laga handelsmann Nordvik litt debatt da han stillte konkrete spørsmål inspirert frå medbringa avis frå Dagens Næringsliv, der det var spørsmål om standpunkt til søndagsopne butikkar – om konkurrqanseutsetjing av omsorgstenester – og fleire i same sjangen. Men Nils Håvard Øyås & Co såg ut til å bite frå seg og hadde tilfredstillande svar på dei fleste spørsmåla.
På standen til Surnadal senterparti deltok ledar Nils Håvard Øyås, Håvard Halset (kandidat frå Todalen, saman med Ragnar Halle), Einar Grønnes, Oddvar Mikkelsen, Gunnhild Bøklepp Bøe. Måndag 14. september er det val, og her i Todalen krins er det som vanleg i skulen at det skal gå føre seg. Til da må du ta eit standpunkt, og møte opp og gjera din borgarplikt.