Surnadal Senterparti gjennomførte i går kveld sitt årsmøte på Nordvik Forsamlingshus med 14 møtande medlemmar og gjest Kristin Sørheim som er leiar av samferdselsutvalget i Møre og Romsdal Fylke.

Kristin Sørheim held eit interessant innlegg om «Regiontilknytning og samferdsel» og koblinga mellom desse.

Avtroppande leiar, Oddvar Mikkelsen overlet klubba til nyvalgt leiar Sondre Ormset – og ønskjer Sondre lykke til med vervet!
Hovedbildet viser delar av det nye styret i Surnadal Senterparti Frå venstre; Lars Inge Kvande (Sekretær), Hugo Pedersen (Styremedlem), Sondre Ormset (Ny leiar), Einar Grønnes (Studieleiar), Gunhild Bøklep Bøe (Kasserar) og Bernt Venås (Styremedlem). Ikkje til stades: nyvalgt nestleiar Liv Grimsmo Røkkum.
Alle foto frå Surnadal Senterparti si Facebookside