Det siste halvanna året har det vore stille rundt Senioruniversitetet og prega av Covid 19 og koronavirutset. No held aktivitetane på å kome attende, og dei prøver å få igang litt aktivitet igjen. Først ute er arrangement på Gammelfabrikken i Todalen der det blir omvisning og presntasjon av Talgø si lange industrihistorie. Her vil vi også få litt tankar om framtida for Talgøkonsernet. Det skjer onsdag 25. august og det blir samkjøring frå kulturhuset til Gammelfabrikken i Todalen.
På grunn av servering og eventuelt opplegg med smittesporing er det frist for påmelding til 20. august, til telefon 472 89 898 eller epost einar@oterholm. Sjå forøvrig invitasjon som kan lastes ned som PDF-dokument her. Her vil det bli eit kort årsmøte for 2020 før møtet i Todalen startar – arsmøte for 2021 vil bli over nyttår i samband med arrangement i 2022.
Einar Oterholm som er leiar i Senioruniversitetet fortal vidare at det har planer for arrangement i september og oktober og. I september blir det møtearrangement på kulturhuset, der lge/forfattar Audun Aas vil halde foredrag om «smertemysteriet». Her kjem det invitasjon seinare, men sett av onsdag 22. september. I oktober er det bedriftsbesøk på Surnadal Billag, med foredrag om billagets historie og vi vil treffe dagens eigarar som vil orientere om dagens bruk av huset på Surnadalsøra.
Elles fortel Oterholm at dei er i dialog med pensjonistforeningane både i Surnadal og Rindal om eit utvida samarbeid, men dett vil dei kome attende på ved eit seinare høve. Men laget vil legge vekt på å få oppatt aktiviteten til nivået før Covid 19.