Senioruniversitetet for Indre Nordmøre starter ny møtesesong onsdag 30.september med eit møte om fysisk fostring i skolen og på skolevegen. Det er Eivind Hasle som viser lysbilde og fortel frå skolehistoria – og det er sjølvsagt høve til å bidra med eigne minne frå skoletida.
– Og neste møte er alt onsdag 14.oktober. Då skal pressemannen Per Egil Hegge snakke om Putin og Russland, under tittelen «Kva tenker Putin – og kvifor?» Begge møta blir på Kulturhuset i Surnadal, kl 1100.