Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seniorfilmklubben med tidleg julegåve!

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. desember 2024

Onsdag 18. desember klokka 13:00 viser seniorfilmklubben filmen The grand Budapest Hotel. Regissør Wes Anderson er ein underleg skrue som har skapt sitt eige filmunivers, med gjennomført fargebruk,iscenesetting og snodige folk i enno meir snodige situasjonar. er kanskje den meste vellukka av filmane han har gjort og filmen vann fire oscars. Onsdag opnar altså dette snurrige hotellet sine dører og det er gratis inngang for alle som har vore på filmklubb i løpet av haust.

MUFASA – LØVENES KONGE

Mufasa – Løvenes konge. Foto: ©2024 Disney Enterprises, Inc.

Onsdag er også dagen for eit anna slags gjensyn. Da går vi sjølvsagt attover i tid og møter Mufasa, da som ein bortkomen løveunge, som blir kjent med den kongelege arvingen Taka. Saman fer dei ut på ei reise av den ikkje altfor lette sorten. Teknisk sett briljant, og så får vi sjå kva kritikarane skriv når det nærmar seg premieredatoen

KRAVEN THE HUNTER

 

Ein kan trygt seie at kritikarane var ikkje var heilt i festhumør da dei trilla terning over historia om ein av dei mest kjente skurkane i Marvel-universet. Kraven, som har eit noko slitsamt forhold til sin far (spelt av Russel Crowe), har som mål å bli den mest frykta jegeren i verda. Men enkelte kritikarar let seg altså tydeleg vis ikkje skremme og trilla til to på terningen.

SONIC THE HEDGEHOG

Fredag 20. desember er det ny premiere, når superpiggsvinet Sonic The Hedgehog er tilbake, og denne gongen fresar han visstnok innom Innerdalen, Rauma og Sunnmøre i eit heseblesande tempo. For han er nok ikkje først og fremst ute etter å søke naturens ro – denne spinnville karen må nemleg kjempe mot eit piggsvin med krefter ein aldri har sett før.

Heile filmprogrammet ser du på surnadal-kulturhus.no/filmer

Publisert: 15. desember 2024, 20:23