Torsdag fikk vi være med gjengen på Rossåa settefisk på utsetting av smolt i Toåa. Føler egentlig at vi har fått være med på heile livssyklusen til smolten som vart «sendt ut på livet» i dag, for vi har vært med både på stamlaksfiske, gentesting, stryking, merking av smolt og ikkje minst kontroll gjenfangst av merka laks. Veldig artig og lærerikt, tykkjer vi. Men i går var det altså smoltutsetting som stod på programmet.
Smoltutsettinga er knytta til konsesjonen for utbygginga av Driva kraftanlegg, og Trønderenergi har der forplikta seg til å sette ut minst 1000 2-årig smolt i Toåa. Her har dei enno eit etterslep frå før settefiskanlegget i Rossåa kom, så i år var det planlagt utsetting av 1500 ettårige- og 3100 2-årig smolt. Rossåa settefisk produserer også smolt for utsetting i elvene Bævra og Surna. I Surna skal det i år settes ut tilsammen 57.000 1- og 2 årig smolt og i Bævra 14.000. Her er konsesjonskravet henholdsvis 35.000 og 10.000 pr år. Men i Toåa er det altså 4600 smolt som skal settast ut, men det er i tillegg sett ut «rugekassar» (Vibert-bokser) med tilsaman 30.000 befrukta rogn på strekninga frå Bruset og oppover til Storfossen.
Utsettinga av smolt skulle skje ved Steinutgarden i Brusetmarka. Nytt i år var at ein skulle prøve å montere fendere på merdene, slik at dei kunne flyte i elva og dermed tåle større variasjonar i vassføringa. Det er nok gunstig i Toåa, som er ei flaumelv der vassføringa lett blir påvirka av snøsmeklting og nedbør. Dette utstyret var rigga til og prøvekøyrt før utsettinga starta.
På settefiskanlegget i Rossåa hadde dei rigga seg til med «støvsugar» og pumpeanlegg for å pumpe fisken over i tankane på transportbilen. Dermed blir lastinga både rask og skånsam for fisken som så vart transportert 5-6 km opp til Steinutgarden. Her var det også rigga til med rør, slik at vatnet og smolten i tankane var tappa over i merdene på 1-2-3. Her skal smolten no gå i 2 dagar, før merdene blir opna og det ber ut i verda på eiga hand. Der og da startar ferda ut i den store verda med alle utfordringar og farar. Spennande blir det i allfall å sjå kor mange som kjem att til Toåa slik det blir sagt at dei gjer etter nokre år. Det første laksefiskarane ser etter om når dei får laks på kroken, er om laksen er feittfinnekløpt. Dersom feittfinnen er borte, så er det nok ein laks som er fostra opp i Rossåa, hos Monika, Frøydis og resten av gjengen på Rossåa settefisk.
Bildegalleri frå smoltutsleppinga i Toåa. Alle foto Jon Olav Ørsal