Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Semitrailer på glattisen….

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. mars 2014

Nysnøen som kom på morgonkvisten var utruleg glatt, med skikkeleg nullføre som nok lurte fleire enn denne trailersjåføren som var på tur inn til Talgø i Todalen med tung last. Øverst i åsbøhauane vart det full stopp, og dermed vart det litt problematisk.

Bilen hamna over på feil side av vegen, og her var det nok glidekanten som sørga for at det ikkje bar lenger ut i terrenget. Sjåføren fann fort ut at det var kjettingar som vart redninga, og måtte få på kjettingar både på drivhjula og «styrekjetting» på tralla. Dette arbeidet var i full gang da vi passerte, men sleping vart kanskje alternativet før bilen kom på rett kjøl.

 

Publisert: 18. mars 2014, 10:41