Laurdag 3. februar kjem det besøk utanom det vanlege til Kaffekroken på Hals-bua og til Todalen kyrkje. Da kjem preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit på besøk og kaffelag på Kaffekroken. Fykse Tveit skal være på Nordmøre frå torsdag til søndag, og han skal saman med sitt følgje innom fleire plassar på turen – mellom anna Tingvoll, Smøla, Kristiansund og til Averøya. Med i følgjet blir biskop Ingeborg Midttømme og prostane Vidar W. Rygh og Sindre Kulø.
Besøket i Todalen har kome i stand som eit spesielt ønske frå preses. På kontoret i Trondheim held dei nok eit auge med besøksstatistikken i kyrkjene. Der har nok Todalen kyrkje merkt seg ut med ei stor auke den siste tida. Saken botnar nok ut i debatten om å stenge kyrkjer for å spare pengar – det har nok vore tema i Kaffekroken også, og dette har nok ført til at gjengen i Kaffekroken har motivert både kvarandre – og andre, til å delta på gudstenestene i Todalskyrkja. Todalingane har også fått mykje skryt for salmesongen i kyrkja dermed har det «klabba på seg» og begynt å bruka kyrkja meir. Og som sagt, så har dette gjeve seg utslag i statistikkane og vorte lagt merke til i kyrkjeleiinga med preses Olav Fykse Tveit i spissen.
Programmet for besøket i Todalen går i kortheit ut på at soknerådet inviterer til kaffelag i Kaffekroken frå ca. kl. 14:00. Her blir det oppfordra til at alle som har lyst er velkomne, og folk blir oppfordra til å kome som dei er for å bli med på kaffelag og ein triveleg prat. Vidare går turen til Todalen kyrkje, der det er liturgisk samling kl 15.30, med ein kort andakt, medan det i hovudsak vil bli fokus på salmesongen. Borghild Talgø og resten av soknerådet håpar at folk tek seg tid til å blir med – både i Kaffekroken og i kyrkja etterpå.
Etterpå dreg følgjet vidare til Tingvoll, der dei skal ta del i gudstenesta søndag 4. februar.