Medan det har regna og rasa som verst i Dalavegen har gjengen på Kårvatn Handelskompani vore mest opptekne med NORSPO-messa i Exporama Senteret utafor Oslo. Der stiller dei 5 mann sterke og har hatt god respons både på kolleksjonen av kjente merkevarer og på ny merker som no er på veg inn i utvalet, fortel Gudmund Kårvatn.
Den største nyheita for vår del er nok dei heilt nye Caxa Carry sekkane som nyleg er verdslansert. Disse har Kårvatn handelskompani no fått agenturer på i Norge, og har god tru på at dei vil slå an. – Dei gler vi oss på å vise fram til kundane, seier Gudmund.
Norspomessen er først og fremst sals- og innkjøpsmesse for sportsbransjen i Noreg. Alle som sel varer til sportsbutikkar i Noreg kan stille ut på Norspomessa. Her kan innkjøparar frå sportsbutikkane orientere seg om neste års varekolleksjon og samtidig gjera unna innkjøp til butikken for vinteren 2017/-18 – altså godt på forskudd til neste sesong.