I dag, og ei stund framover, vil det bli gjennomført seismiske undersøkingar av sjøbotnen, for alternativet med undersjøisk tunnel Åsbøen til Ålvundfossen, som no har kome opp som eit alternativ til bru frå Svinvika og tunnel Rakaneset til Ålvundfossen. Det er vegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som har engasjert Sweco for å gjennomføre dei seismiske undersøkingane.
Sweco skal i løpet av februar levere sin rapport om undersjøisk tunnel, på seismisk grunnlag, er eit realistisk alternativ for fjordkryssing for Todalsfjordprosjektet.
«På bakgrunn av resultata frå dei seismiske undersøkingane, vil vegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, i løpet av våren 2023 kome med si innstilling til fylkestinget i Møre og Romsdal», seier dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet, Trond Skogseth.
Han reknar med at saka vil bli politisk behandla i fylkestinget i løpet av hausten 2023. Her vil fylkestinget ta ei endeleg avgjer om alternativa bru eller undersjøisk tunnel.
«Alternativet med undersjøisk tunnel Åsbøen til Ålvundfossen, vil i utgangspunktet ikkje krevje ny behandling av kommunedelplanane, verken i Sunndal kommune eller i Surnadal kommune», kan Lars Inge Kvande, styreleiar i Todalsfjordprosjektet, fortelje. Dette fordi tunnelen på Ålvundfossen vil kome ut att omtrent på same stad, uansett kva alternativ som blir valt av dei to, noko Sunndal kommune allereie har vedteke i si kommunedelplan. På Åsbøen vil tunnelinnslaget ligge i området som allereie ligg inne i kommunedelplanane, som parsell Åsbøen til Svinvika.
Så det er grunn til å tru at det «nye» alternativet ikkje vil ha så mykje å seie for det endeleg vedtak val av alternativ og endeleg vedtak om bygging.