For 2. år på rad stakk elevar frå 6. klasse ved Stangvik oppvekstsenter av med 1. plassen i Svorka sin energikamp under dagens finalen på Laksfestivalen. Konkurransen starta med innbyrdes kampar ute på dei ulike skulane tidleg i vår, med uttak av lag til ny runde med kvalifisering kommunane i mellom veka før Laksfestivalen. Dei 12 beste laga gjekk så vidare til delfinalane i dag ved kulturhuset, og eit lag frå Øye, eit frå Mo og eit frå Stangvik kom til slutt i hovedfinalen.
Stangvikungane klarte seg her aller best, gjennomførte alle øvelsar innafor tidsgrensa og til beste tid samanlagt, og får dermed den gjeve 1. premien; ein tur til Energisenteret på Hunderfossen. Og sidan Stangvik oppvekstsenter blir å finna ved Todalen oppvekstsenter i det kommande skuleår får kanskje todalingane bli med og?
Laget frå Stangvik Oppvekstsenter bestod av Brage Østbø, Erik Andersen og Alice Naustbakk. Todalen sitt lag gjekk ikkje vidare i dei innledande rundane.
For fleire bilder av kampane kan vi anbefale Trollheimsporten.