Tysdag var dei første lamma på plass i Viastua. Kårkall Gudmund Kvendset var rutinert fødselhejelpar, da tre små lam kom til verda og dermed starta lammingssesongen. Litt for tidleg var dei nok, men dei var velskapte og sunne, og i kveld var det kamp om dei to spenane til mora. I Viastua har dei eit 20-tals lamsauer i år, og ventar nok 40-50 lam i løpet av påska og utover våren.
Påska blir nok midt i lammingstida i år, men Gudmund har ordna seg vedarbeid mellom øktene i saufjøset, og han synes det er god å ta ein pause innimellom, slik at han får ta ein tur innom «føden» for å sjekke tilhøva der. Han tykkjer at spelsauen er grei i lamminga, og stort sett greier dei seg sjølve, men det er da greit å halde eit auge med det som skjer og har da berga livet til mange lam på det.

Det blir nok etter kvart eit yrande liv i smalastallen i Viastua. Førstemann ut fikk trilingar. Foto: Jon Olav Ørsal
Men det blir nok litt spennande når tida kjem for å sende lamma på beite på forsommaren. Dei to siste åra har det vore store rovdyrtap på beite i Kvennsetdalen og Lauvåfjellet, og det er nok ein tankevekkjar at Gudmund på skitur til Sultæla for nokre dagar sia kryssa jervspor 4 gonger!