Dressering av hundar fra å jage bufe og klovvilt er ein viktig aktivitet ute i dei lokale jeger og fiskeforeningane rundt om i heile landet. Også hos Surnadal Jeger- og Fiskeforbund. I den anledning inviterer hundeutvalget i foreninga til saueavvenningskurs hos Bjarte Morten Røen 7. juni klokka 18. Denne dresseringa foregår ved hjelp av elektrisk halsbånd. Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) utdanner og autoriserer derfor instruktører som kan foretar denne dressuren.
Kvart år dresseres fleire tusen hunder fra å jage bufe, og mange er til oppdatering. Denne kursverksemdaa bidreg til at ein i mange områder får starte jakt med hund tidligare enn ein ellers ville, før beitedyra er teke ned frå beita.
Tilbudet om aversjonsdressur er åpe også for hundar som ikkje er definerte som jakthundar. Erfaringar de seinere år viser at det svært ofte er hunder av desse rasene som er involvert i hendingar der sauer blir jaga, skada eller drepne. Alle hunderaser har jaktinnstinkt.
Som seriøs hundeeigar er det derfor både riktig og viktig å gjere det som er muleg for å hindre at hunden forstyrrar eller skadar bufe. Sjølv om ein ikkje har hund av jakthundrase.
Aversjonsinstruktørene foretek testing og godkjenning av hundar i forhold til interesse for sau, og i nokre tilfeller tamrein eller hjortevilt. Mest vanlig for aversjonsinstruktørene er gjennomføre slik testing og godkjenning i forhold til sauerenhet.
Ta med din firbeinte kompis og ta kurset, oppfordrar derfor SJFF.