Tysdag rulla asfalteringsutstyr inn på plassen på Talgø MøreTre i Surnadal. Hallvard brusethaug, som er dagleg leiar på Møretre, fortel at det no skal asfalterast knappe 11.000 m2 ute på plassen mellom eiendommen til Trollheim Industri og elva – lengst ut på Møretre-tomta. Til saman er det no mellom 80.000 og 90.000 m2 av tomta som er lagt under asfalt til lagerplass.
Eit liknande areal vart også asfaltert i fjor og det pågår enno opparbeiding av lagerplass for å dekkje behovet for plass til lagring av både trelast som råvarer og ferdigvarer – royalbehandla ferdigvarer som terrrassebord og kledning. Brusethaug fortel at det pågår fleire byggeprosjekt på anlegget, der Royal3 får auka kapasitet med ca 20.000 m3 frå nyttår. Dermed får vi kapasitet til å royalbehandle ca 100.000 m3 neste sesong. I tillegg bygges det nytt og moderne høvleri som vi gje oss nok kapasitet i overskueleg framtid. På begge disse anlegga vil monteringsarbeidet pågå utover hausten og skal være i drift før jul.
Elles pågår det opprusting av fleire paraplylager, der masse blir skifta ut for å etablere stabile grunntilhøve til å tåle trafikken med tunge gaffeltrucker som brukes i dag. Det skal også lages meir utelager – her foregår det opparbeiding av ny lagerplass, der det vil bli behov for asfaltering neste år.