Nye fjøs har vore eit vanleg syn i Todalen det siste året, og no kan vi avsløre enda eit nytt fjøs som er på gang. På Hjellnes, nærare bestemt i Oppistua er nytt sauefjøs på gang og dersom ikkje snøen kjem så alt for tidleg så satsar vi på at taket er på plass da, seier Per Åke Jacobsson. Da vi var innom var det iallfall fullt arbeid med å sette opp reisverk til det nye sauefjøset som blir på rundt 525 m2.
Det er satsa på matrial frå heimgarden og vi har valt ein mellomting mellom ny og gammal byggeskikk, fortel Per Åke Jacobsson som saman med kona Torill Gjeldnes satsar på sauehald. Det nye fjøset får 6″ lafteplank mellom stavane, og vanlege takstolar og ståltak. Veggane skal blir vinterarbeid fortel Per Åke som legg til at materialane til veggane står på skogen enno, men det er plana at det skal bli skogsdrift og saging på gardssaga med det aller første.
materialval og bygge måte er litt idealisme, men det gjer også god muligheit for stor eigeninnsats nr ein bygger på denne måten. – Det er beregna at det skal bli plass til mellom 150 og 200 sauer i det nye fjøset, som no altså tek for ovafor gardstunet på Hjellnes.

det nye fjøset tek form – grunnarbeidet er unnagjort og no startar arbeidet med reisverket. Foto: Jon Olav Ørsal

Det nye fjøset blir på rundt 525 m2 og det skal etter kvart huse 150-200 sauer. Foto: Jon Olav Ørsal