Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Satsar på bolyst i Bekkerhagen!

Elinor Bolme Fredag 24. juni 2016

I går kveld starta Husby Vel sitt bolystprosjekt for alvor etter fleire år i dvale. Grenda som har 6 husstandar i Bekkerhagen har i fellesskap vedlikehald av leikeplassen på nedsida av vegen innover til Myra. Og med tilflytting både i Bekkerhagen 10, på Bjørnrud og fleire husstandar med små barnebarn såg velforeninga behov for oppgradering av det felles uteområdet.

Leikeplassen vart anlagt midt på 80-talet, og hadde sin siste renovering for vel 10 år sidan. Da med ny utgard, nye leikestativ i tre, platting og eit overbygg på platten. Dette overbygget og leikeapparata var no såpass falleferdig at det vart vedteke å rive, samt at utgarden burde skiftast ut. Og med gode kontaktar, og velvillige lokale leverandørar av material hos Talgø og Møre Tre, så vart innkjøp til dette forhandla fram til ei god løysing, til forskjønning av området.

I tillegg vart Surnadal Sparebank kontakta, og dei stilte med 5000 kroner i sponsormidlar umiddelbart, fortel pressetalsmann Ragnar Halle. -Banken er alltid positiv og støttar gode lokale formål. Foreninga søkte også kommunale midlar for leikeplassar, og der kan ein sjå frå referat av siste Formannskapsmøte 7.6 at Husby vel fekk halvparten av dei 10 000 kronene som var til utdeling, etter rådmannens tilråing. Dette gjer blant anna at nye leikestativ og varmekjelde kan prioriterast.

image

Ragnar Halle har kontroll på slegga. Ola Bolme held, mens Kristian Gjeldnes følgjer med at alt blir beint og står støtt.

 

image

Ola og Ragnar er ansvarleg av spissing av utgardspålane.

 

image

Ballveggen som snart er 30 år har vore bruka mykje opp i gjennom åra. Bekkerhagen 10 (bak) kan nok rekne med litt ballar på tomta si framover….

 

image

Øystein Moe vart ansvarleg for plattvask. Eit uheldig raudt belegg måtte gje tapt for nymotens utstyr. Overbygg og villmarksutgard syng på siste verset.

 

image

Området sett nedanfrå. Ligg kanskje litt vel landleg til meiner mange, men likevel sentralt med 5 minutt til det meste. I Todalen.

 

image

Riving av overbygg. Gjekk som ein leik!

 

image

Dugnadskaffe høyrer med. Kveldens vertinne Liv Jorunn Moe stilt med velsmakende smuldrepai og is. Slike kveldar gir ei lita vitamininnsprøytning i naboskapa.

 

image

Og resultat vart direkte bra! Lyst og lett med stilig MøreRoyal utgard.

Men Husby Vel gir seg ikkje her. Neste veke blir det montering av multibod frå Talgø på platten. Og når dét byggetrinnet er ferdig, vil foreninga invitere alle naboar, sponsorar og andre skuelystne til offisiell åpning av Bolystprosjektet.

Publisert: 24. juni 2016, 04:10