Onsdag inviterte surnadal Bondelag til møte om gravforsituasjonen i regionen. Dette var nok eit tema som interesserte mange og det var godt frammøte i kantina på Surnadal Ungdomsskule. Og bondelagsleiaren Oddvar Mikkelsen sa at «det er inga lykkeleg årsak til at vi samlast i kveld» da han ønska velkomen. Men bondelaget hadde samla mykje kompetanse til møtet, og alle var optimistar med tanke på å finne løysingar for å kome ut av grovforkrisa som har oppstått.
Og grovforkrise har for så vidt bøndene vore vant til, men det har alltid vore andre regionar og landsdelar som har hatt gode avlingar og som har kunna hjelpt til. Denne gongen er det krise over heile landet, og Sverige, Danmark og Tyskland i tillegg. Dermed blir det vanskeleg å få kjøpt for, og det blir lett kostbart for den som må kjøpe dyrt for og i tillegg får ei kostbar frakt. Det er mellom anna kjøpt 30.000 rundballar frå Island, og der kjem prisen på rundt 5,50 pr foreining levert på kai i Noreg.
Men no mobiliseres altså alle krefter for å skaffe grovfor – dei som har noko til overs blir oppfordra til å være solidariske med sine kollegaer, og det jobbes for å finne alternative løysingar med andre typar fôr. Mellom anna blir halmen ein viktig brikke i dette spelet, og kornbønder blir oppfordra til å presse og ta vare på halmen når dei trøskar koråkrane. Halmen kan nyttegjerast på fleire måtar, slik som luting og ammoniakkbehandling.
I arbeidet med å sikre fôrtilgangen og sikre at det fôret som finnes blir bruka fornuftig er jordbrukets egne organisasjonar og samarbeidspartnere spela inn på banen med full tyngde. Dette gjelder Tine, Felleskjøpet, Nortura, Norgesfôr Røv Mølle, Surnadal kommune, Møre og Romsdal Bondelag, Landbruk Nordvest og Surnadal Sparebank som alle var på plass på møtet.
Når det er fôrmangel er det viktig at ein prioriterer rett og får mest muleg ut av kvar foreining. Her ligg det nok store utfordringar, og det vart på møtet understreka kor viktig det er å søke hjelp på eit tidleg tidspunkt og før at det er full krise med både fôr og økonomi. Dei som alt no ser at det blir lite for bør være frampå for å prøve å sikre seg så snart som muleg, for det er helt sikkert at det er for seint når ein er komen i vårknipa. I den samanheng er det oppretta fleire nettportalar der det blir formidla både kjøp og sal av forskjellige fortypar. Både felleskjøpet og Norgesfôr Røv Mølle har utvikla nye kraftfortypar som erstattar noko av grovfôret, men dei kan ikkje erstatte alt. Dyra må ha grovfor for å regulere mage og fordøyelse, og er da avhengig av grovfor. Line Mogstad i Norgesfôr Røv Mølle lova at dei skal ha kraftfor tilgjengeleg. – Vi må kanskje tenke nytt og alternativt, men justere samansettinga av produkta etter kva råvarer som er tilgjengeleg til ei kvar tid.
Nedslakting av større eller mindre deler av buskapen har vore tema i media. Nortura har no auka slaktekapasiteten, men advarer mot å slakte ned meir enn høgst nødvendig. nedslakting kan være ei grei løysing på kort sikt, men på lang sikt blir det ei kostbar løysing. Det tek lang tid å bygge opp buskapen igjen, og det gir lite inntekt i det tidrommet det tek å byggje opp igjen buskapen. Derfor er det viktig å halde liv i produksjonsdyra og prøve å ri over stormen.