Med gjennomsnittsalder på 24 år så må dei kunne påberope seg at det er eit ung miljø i NordHus AS. Men sjølv om dei er ung så har dei alt skaffa seg god og verdifull erfaring som snekkarar. Det er Kristoffer Nordvik og Eirik Nordvik som i dag eig bedrifta i lag – med 50% kvar. Kristoffer og Eirik har satsa for fullt, og har det siste tida satsa på mesterbrevet – og no er NordHus AS godkjent mesterbedrift.
Begge dei to eigarane har starta sin karriere med tømrarutdanning, og har vore lærlinga hos Consto Surnadal. Kristoffer fikk fagbrevet i 2019, og starta da med eige firma. Etter 3 år åleine så kom Eirik med som eigar og dei to har i dag 50% kvar i selskapet. I tillegg til full jobb i firmaet har dei begge to gått gjennom mesterbrevutdanninga den siste tida, og er no glade for å ha mesterbrevet på plass.
I dag er dei 4 som har sitt daglege virke i NordHus – i 2023 kom Even Engset og Vegard Gjul med som snekkarar – dei kom også begge frå Consto Surnadal med fagbrevet i lomma. Altå er dei 4 ungdommar som har satsa på snekkaryrket og er klare for byggeoppdrag av alle slag.
Kristoffer Nordvik seier at dei er spente på utviklinga i byggebransjen, men at dei er optimistar av natur og har god tru på framtida. -Vi har tross alt overlevd godt i ei tid som har vore prega både av pandemi, prishopp på materialer og ikkje minst rentehoppet vi opplever i dag. No vil vi konsolidere og følge med utviklinga vidare inn i framtida. Vi har imidlertid god kontakt i bransjen og føler at vi er godt etablert etter kvart. Mange positive tilbakemeldingar gjer at vi føler at vi har god tillit i marknaden. Men konkurransen er stor og vi ser at det er nødvendig å stå på og halde seg oppdatert i fortsettinga også.