Vi trefte to karer som heldt på og rigga seg for fiskri i småbåthamna no i kveld. Dei skulle ut og sette garn, og så skulle dei fiske med snøre etterpå. Det har vore «nåkkån loinne» fiskeri den siste tida – best fangst med småsei og storsei og litt torsk.
Torsken er nok på sekkasen nå, ettersom den egentleg berre er fiskbar i månader med «R» i namnet, fortalte dei to – Gudmund Kvendset som er reiar og eig båten, og Fredrik Sogge som er habil hjelpesmann og ivrig fiskar.
Dei gikk ut frå hamna med sakte fart og så sikta dei seg inn på Rakaneseggen før dei sette full fart i retning Rakaneseggen. Så spørs det om det er fiskbett i kveld da?