Valsøyfjord Sanitetsforening og Halsa Sanitetsforening var torsdag på utror til Todalen, og hadde Nauståfossen og Kårvatn som endepunkt for kløverturen sin denne veka. Da vi trefte dem på Todalshytta var dei akkurat ferdig med traktering der, og var i ferd med å snu nasen heimover til Halsa – eller rettare sag Heim i dobbel forstand.
På turen var dei også innom Gammelfabrikken, der dei hadde kvilepause og kafferast, samt ein liten avstikkar for å få med seg Storfossen som framleis er litt prega av vårløysinga. Så var det altså Todalshytta som var siste post på programmet denne dagen.