Todalen sanitetsforening har alt mange medlemar, men dei vil gjerne bli fleire. Laurdag nytta dei difor finversdagen og innspurten på «Sanitetsveka» til å lage stand utafor Matkroken L. Hals. Med nystekte bollar og kakao som «lokkemiddel», fekk dei full fokus på arbeidet dei driv. Mange som var på handlerunde nytta høvet til å stikke bortom for å få litt informasjon, og ikkje minst for å kjøpe lodd på den fine akvarellen som Lisabet Storlsett hadde laga til utlodding. Akvarellen skal trekkjast på julearrangementet som skal arrangerast i Sanitetshuset i desember.

På programmet denne laurdagen stod også oppfølgjing av programmet «Stopp vold mot kvinner». Det er kanskje ikkje det største problemet i Todalen, men det er viktig å drive haldningsskapande arbeid over alt i samfunnet. I tillegg til sanitetskvinnene står Den norske kyrkje, Islamsk råd, Reform, Krisesentersekretariatet, Virke, JURK og pensjonistforbundet attafor denne kampanjen som har pågått i sommar og haust. Det vart delt ut gratis knapp som jakkemerke og eit raudt arband i samband med aksjonen.

Seinare i haust skal Todalen sanitetsforening være med og markere stemmerettsjubileet. Det skjer på Gammelfabrikken den 24. oktober, og er eit arrangement i samarbeid mellom Surnadal kommune, Todalen sanitetsforening og Talgø. Her vil ein markere betydninga som sanitetskvinnene har hatt for at vi til slutt fikk stemmerett for kvinner i 1913. På lokalt plan starta Todalen sanitetsforening på den tida, med industrikvinna Thora Talgø som første ledar. Dette kljem vi att med meir informasjon om seinare.


