Sidan 2015 har Todalen sanitetsforening, Surnadal sanitetsforening og SpareBank 1 – Nordmøre (Surnadal Sparebank fram til juni 2020), i samarbeid, delt ut Goodiebags til russekulla i Surnadal kommune. Goodiebagsane blir delt ut under eit arrangement i SpareBank1 sine lokalar på Skei komande onsdag. Dit blir alle som er russ ved Surnadal videregåande skule i år invitert. Her deltek også helsesøstra, saman med banken og dei to sanitetsforeiningane.
Goodiebagsane inneheld informasjonsmateriell, NKS-buttens, pins (knapp som symboliserer – «Stopp vold mot kvinner»), armband (, buff, handdesinfeksjonsmiddel og kondomar.
Torsdag kveld var 8 av medlemmane i Todalen sanitetsforening samla i Sanitetshuset for å pakke dei 65 goodiebagsane, som skal delast ut til årets russekull på onsdag. Arbeidet gjekk unna i ein fei, så da er alt klart til ei trygg og fortent russefeiring for årets russekull!
Etter at Goodiebagsane var ferdig pakka, var det kaffe og kanelsnurrar. Under kaffen nytta leiaren, Maren Ansnes, høvet til å ønske dei fem nye medlemmene i foreininga velkomne. Som leiar set ho stor pris på at foreininga har fått med seg fem nye og unge medlemmer. – Dette er berre heilt fantastisk og gledeleg, avslutta ho.