Møterommet som er ein del av Sanitetshuset har fått ei skikkeleg oppfiffing – i fjor fekk møterommet ein facelift, med nytt golv og nye fargar på veggane. I tillegg vart det nye møblar og nye gardiner – og nytt audiovisuelt utstyr med breiband og storskjerm på veggen. No var det kjøkkenet som stod for tur, og no på nyåret har Magne Søyset og John Moe jobba med dette prosjektet.
Da vi var innom for å sjå kor langt dei var komne så var dei alt i gang med siste finpussen for å gjera seg ferdige. No som det er så moderne med gjenbruk, så har kjøkkenet fått eit målingsstrøk og står fram som spilder nytt i våre auge. Elles er det lagt nytt golv på kjøkenet og det er montert nye handtak på all kjøkkeninnreiing. Ny er også benkplata på kjøkkenet og platene mellom kjøkkenbenken og veggskapa.

Klart for montering av nye plater mellom benker og skap – Magne Søyset og John Moe. Fine og nymåla kjøkkeninnreiing som Magne og John har måla. Foto Jon Olav Ørsal
Den gamle komfyren som har vore med sia midten på 80-talet blir no skifta ut og erstatta med ein ny – det gjeld også for kjøkkenventilatoren som rett og slett hadde behov for avløysing etter å ha gjort teneste sia 1986 da kjøkkenet vart bygd på.