Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sanitetshuset med nyoppussa møterom – klart for utleie igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2024

No pågår siste innspurt med oppussing av Saniteetshuset på Kvennset. Handtverkarane er ferdige med jobben og no er det prosjektkomiteen sjølv som tek ein finpuss med å henge opp bilder og lamper. Strikkekaffen har samla inn litt penger på loddsalg som gå til litt ekstra «sters» for å sette prikken over i’en. No snakkar vi om møterommet i Sanitetshuset som har fått ein skikkeleg facelift dei siste månadene.  Det er Ted & Co som har gjord mesteparten av jobben med målararbeid og legging av nytt golv i møterommet og i gangen.

LOkala er egna både til store og små møter og har fått nye komfortable møblar. Frå venstre Solveig Glærum, Kristine Saksen Ulvund og Steffi Bohle. Foto Jon Olav Ørsal

No er det berre kjøkkenet som står att – her må vi konsolidere økonomien før vi dreg til med oppgradering av kjøkkenet, seier Solveig Glærum som er leiar i Todalen Sanitetsforening.  Ho fortel at Sanitetshuset vart bygd i 1983-84, så etter 40 års drift var det no eit stor behov for både oppussing av lokala og utskifting av møblar.  Dei 4 leilighetane har også fått eit løft dei siste åra.  

Det er Solveig Glærum, Kristine Saksen Ulvund og Steffi Bohle som har vore prosjektgruppe med ansvar for renoveringsprosjektet.  Dei har og sørga for finansiering av prosjektet – Todalen Sanitetsforening har gjennom årsmøtevedtak sørga for eit fundament i prosjektet som eigenfinansiering. Men foreninga har hatt god hjelp av rause sponsorar for å fullfinansiere prosjektet. 

  • 75.000 frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank 
  • 50.000 frå Sparebanken1 SMN i Surnadal
  • 25.000 frå Gjensidige 
  •   4.000 frå Svorka

I tillegg er det forhandla fram gode avtalar med Byggmakker Surnadal og med Fagmøbler i Surnadal.  Sjølvsagt er det  utført ein god del dugnadstimar av eigne medlemar i Saniteten.  

Ein stor sofa gjer møterommet meir fleksibelt her er det plass til mange. Foto Jon Olav Ørsal

I tillegg til nye møblar er det og investert i AV-utstyr som gjer at møterommer dekkjer krav til moderne utstyr – mellom anna er det montert ein 75″ skjerm på veggen.  Møterommet er no klart for utleie igjen, og reknar med at lokala er aktuelle både til minnestunder, bursdagar, barnedåpar/namnedagar og konfirmasjonar – og sjølv sagt alle typar møter. 

Prosjektkomiteen nyttar høvet til å takke alle som har støtta prosjektet – enten det har vore gjennom pengegåver eller på anna måte – og takk til alle som har vore «kommandert».

Lokala er godt egna til møterom – ny 75″ skjerm er og på plass på veggen. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

 

Først publisert: 20. desember 2024, 08:00 - Sist oppdatert: 19. desember 2024, 23:02