Todalen sanitetsforeninga minner om at salg av lodd på tre fine akvarellar av Hilde Karlsen held fram. Dette er årets kunstlotteri, og trekking av bileta blir på årsmøtet i 2026.
Hilde Karlsen er frå Røros, men ho bur i Trondheim og er kunstnar hos Atelier Dora i Trondheim. Ho er godt anerkjent og deltek på utstillingar i heile Midt-Norge, mellom anna hadde ho utstilling under Kulturvøkku i Rindal i 2019.
Sanitetsforeninga loddar ut tre fine akvarelltrykk. Pris pr. lodd er 20 kroner.
Lodd kan kjøpast ved VIPPS 101456, merk kjøpet Kunstlotteri.
Kvart bilete blir trekt kvar for seg – altså tre sjansar til å vinne!
Viss ein kjøper lodd til andre enn seg sjølv, må ein hugse å skrive namn til personen som skal ha loddet.
I tillegg kan ein kjøpe lodd ved arrangement i Sanitetshuset.