Sommaren er på hell, og Todalen sanitetsforening er i gang med hausthalvåret. Oppstarten vart Kløvertur i fint ver til Svabu i Talgøhaugane. Turen gjekk etter fin skogsveg og med triveleg rast ved hytta.
Plana er å ha Kløverturar kvar måndag framover til midten av november. Lengda på Kløverturane vil variere, og turmåla blir bestemt etter kvart. Dei fleste turane blir i Todalen, men det er plana å ha eit par Kløverturar på Nordvik og ein av dei til Nordviksetra. Sjølvsagt blir det også Rusleturar ein og annan måndagen, da med servering. Triveleg om mange blir med ut og gå!
MEDLEMSMØTE
Sanitetsforeninga har medlemsmøte som oftast første tysdagen i kvar månad. Men første medlemsmøtet etter sommaren er tysdag 20. august kl. 18.30 i Sanitetshuset. Leiaren, Maren Ansnes, og styret håpar at riktig mange av medlemene møter fram. «Vi treng aktive medlemer!», seier Maren. «Og vi ønskjer nye medlemer både i og utanfor Todalen hjarteleg velkomne til foreninga vår!» Det er altså berre å møte opp for å bli kjent med sanitetsforeninga.
STRIKKEKAFFE/FREDRIKKEKAFFE
Haustens første Fredrikkekaffe blir laurdag 7. september i Sanitetshuset. Helen og Arndis ordnar med strikkekaffeen, og dei seier at det blir strikkekaffe om lag kvar tredje laurdag framover. Det er triveleg å møtast i Sanitetshuset med handarbeid, ta ein kaffekopp og prate i lag.
E-POST-ADRESSER
No er det slik at referat frå medlemsmøte og anna informasjon frå Sanitetsforeninga blir sendt ut på e-post til medlemene. Svorka har lagt ned e-post-tenesta si, og dermed har mange medlemer fått nye adresser. Sekretær Kristine Saksen og kassarar Ragnhild Ansnes Moe ber om at alle medlemer som har ny e-postadresse, sender den nye adressa til:
todalen.sanitetsforening@gmail.com
Det er viktig å få rette opp dette så snart som råd!