I dag var det råd å gjere rettelege godkjøp i Sanitetshuset. Todalen sanitetsforening prøvde ein ny vri for å få inn nokre kroner til lagskassa og arrangerte «mini-loppis». Det var sal av klede, skor, vesker og accessoirar for damer i alle aldrar, og prisen var god: 50 kroner pr del, uansett kor fint det du ville kjøpe, var.
Dette tilbodet var nok både nytt og uvant, oppmøtet vart ikkje så stort og salet tok ikkje heilt av. Men somme gjorde skikkelege røvarkjøp! Tanken bak tiltaket – gjenbruk – er riktig god, så det går an å prøve til att ein annan gong. No blir det nokon i Estland som får glede av kleda.