For nøyaktig 100 år sidan, altså 21. januar 1916, vart Todalen Sanitetsforening stifta, og det er ein vital og aktiv hundreåring vi gratulerer med dagen! På stiftingsmøtet deltok tolv engasjerte kvinner, og Thora Talgø vart vald til foreningas første leiar. Laget vart tilslutta Norske Kvinners Sanitetsforening som var skipa i 1896.
Målet for arbeidet dei første åra var å arbeide for betre helse blant folk, å utdanne sjukepleiarar, arbeide for god sjukepleie i bygd og by, å spre kunnskap om god hygiene og nedkjempe tuberkulosen og andre folkesjukdommar og skaffe sjukemateriell til utlån. Noko av det første foreninga i Todalen gjorde, var å kjøpe inn sjukekorg og anna utstyr til stell av sjuke. Dei ordna og med kyndig sjukehjelp som kom rundt for å stelle sjuke og eldre i heimen. Viktig og krevjande arbeid som kosta pengar, og da som no var basar den viktigaste inntektskjelda. Sanitetsbasaren her i bygda gjekk lenge under namnet «Thorabasaren» – Thora Talgø hadde nemleg gode kontaktar i byen, altså Kristiansund, og slik kunne ho skaffe mange spennande og spesielle gevinstar til basaren – gevinstar som var litt utanom det vanlege.
I NKS si 50-årsberetning frå 1946 kan vi lese følgjande om Todalen Sanitetsforening: «Da Todalen ligg svært avstengt, har vi her havt lite føling med krigen. Arbeidet har difor for det meste gått slik som før. Vi kann nemna at dei siste fem åra har vi gjeve bort til sjuke kr. 2160,00. Kjøpt nærande kost til skuleborn for kr. 495,00. Betalt tannlæge til skuleborn med kr. 1293,00. Kjøpt inn sjukemateriell for kr. 443,00. Elles har foreninga senger og sengklær til gratis utlån. Folk her har stor interesse for sanitetsarbeidet, og vi får soleis god stønad.» Foreninga hadde heile 343 medlemer! Ein blir imponert over å lese desse tala, og det er lett å forstå at det ligg svært stor innsats bak arbeidet i Todalen sanitetsforening, – gjennom 100 år har laget hatt og har mange driftige eldsjeler! Mange har fått god hjelp av og hatt stor glede av arbeidet til Sanitetsforeninga!
Heldigvis er Sanitetsforeninga framleis aktiv og gjer ein stor innsats i lokalsamfunnet – her skulle mangt vore nemnt, men det vil føre for langt. Men to nye og spennande prosjekt i året som gjekk var: «Aksjon Russ 2015» for å få ei god russetid og hindre valdtekter mellom russen, og eit samarbeid med Surnadal ungdomsskule der temaet var «Skjønnhetstyranniet». Viktig bodskap til ungdommen: «Du er god nok som du er!» Dette er tiltak som går rett inn i programmet til NKS der eit satsingsområde er «å bedre kvinners helse og livsvilkår».
Leiaren i Sanitetsforeninga, Maren Ansnes, fortel at både samarbeidet med ungdomsskulen og russen vil halde fram. Laget har ei omfattande årsplan, – i februar blir det årsmøte og markering av fastelavn.
Det blir stor jubileumsfeiring i Ungdomshuset laurdag 9. april med underhaldning, helsingar og servering. Dagens kåsør blir Helge Gudmundsen – kjent stemme frå NRK, inspirerande og populær foredragshaldar og forfattar av boka «Gull verdt».
Leiar i jubileumsåret er Maren Ansnes, og med seg i styret har ho Kari Kvendset, May-Elisabeth Holten, Ragnhild Ansnes Moe, Åse Johanne Ville Redalen og Elinor Bolme med varamedlemer Kristine Saksen Ulvund og Jorunn Gislaug Ørsal. I omsorgsberedskapsgruppa sit Jorunn G. Ørsal og Synnøve Hole Talgø, medan Anne Helene Teilgård Halset og Synnøve Hole Talgø utgjer husstyret. Marit Sanden Søyset og Jorunn Ørsal er valgkomite.
Laget har no 58 medlemer og fire æresmedlemer: Marit Kalseth, Anne Moe, Olina Halle og Lisbet Halle. På spørsmål om kva foreninga ønsker i jubileumsgåve, er svaret fleire medlemer! Det er lett å melde seg inn via nett på heimesida til NKS eller ved å ta kontakt med kasserar Ragnhild.
Elinor Bolme er leiar i N.K.S Møre og Romsdal, og ho oppfordrar kvinner i alle aldrar til å melde seg inn i landets største kvinneorganisasjon!