Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndag blir det lunsj i Sanitetshuset, men først KløverRUSLEtur.

Dordi Jorunn Halle Laurdag 12. oktober 2019

Todalen sanitetsforening inviterer måndag 14. oktober eldre og godt vaksne i bygda til lunsj i Sanitetshuset kl. 12.00. Det blir eit enkelt måltid med tid til å prate og hygge seg rundt borda.

Tilbodet  er i tråd med nasjonal handlingsplan frå  Helsedirektoratet, «Leve heile livet». Eit av tiltaka i plana er å lage gode sosiale møteplassar for eldre i lokalmiljøet t.d. med å kome saman for å ete gode måltid i lag med andre. NKS og Todalen sanitetsforening er med i prosjektet, og Sanitetsforeninga synest det er kjekke arrangement. Dette er siste lunsjen før jul, men 12. november blir det middag.

Sanitetsforeninga ønskjer eldre og godt vaksne velkomne til lunsj og sosialt samvær!

Den som treng skyss, kan ta kontakt med Jorun Gislaug Ørsal – 92278914, eller Dordi Jorunn Halle – 92458007.

RUSLETUR

Måndag 14. oktober er det også RUSLETUR.  Oppmøte ved Sanitetshuset, og start derifrå kl. 11.00. Her kan ein gå heilt korte turar i byggefeltet, rundtur rundt byggefeltet, til Småbåthamna eller kanskje Løfta. Alle får følgje på turen, og kl. 12 er alle velkomne til å ete lunsj i Sanitetshuset.

Treng ein skyss, kan ein kontakte Jorunn Gislaug eller Dordi Jorunn.

VEL MØTT TIL TRIM OG SOSIALT SAMVÆR MED LUNSJ!

Publisert: 12. oktober 2019, 09:50