Oppdatering: Sanitetsforeninga minner om Kvinnhelsekvelden 27. januar kl. 19.00. NB! Da det er servering av varm mat, taco, er det ønskeleg med påmelding i god tid, altså i løpet av torsdag 23. januar!
Tlf.: Maren 906 86 907 eller: maren@pestua-gard.no
Todalen sanitetsforening inviterer til foredrag om kvinnehelse i Todalen ungdomshus måndag 27. januar kl. 19.00. Dette er eit viktig og aktuelt tema, og foredragshaldar er fastlege Kari Løvendahl Mogstad. Ho er spesialist i allmennmedisin, idrettslege og underviser legestudentar ved NTNU. Ho er samfunnsengasjert og ein populær og dyktig foredragshaldar.
Kari Løvendahl Mogstad voks opp i Surnadal og er no busett i Trondheim. Ho er fembarnsmor, med stort engasjement innafor tema som gjeld barn, ungdom, svangerskaps- og barselmedisin, men sjølvsagt også generell kvinnehelse både for yngre og eldre kvinner.
Ho har bloggen Livslangs, er spaltist i Adresseavisen og er gir helseråd i bladet Hjemmet. Ho gav i 2017 ut boka «Kroppsklemma» som tek for seg det aukande kropps- og utsjånadsfikserte samfunnet vi lever i.
Opplegg for kvelden:
Mogstad deler kvelden fagleg i to økter:
Tema 1: Det å vera foreldre/ei god mor i kvardagsstresset og samstundes ta vare på eiga helse
Tema 2: Generell kvinnehelse.
Det blir høve til å stille spørsmål.
Servering: Denne kvelden blir det tacobuffet, med etterfølgande kaffe. På grunn av maten ønsker Sanitetsforeninga påmelding til arrangementet innan torsdag 23. januar til Maren Ansnes: 906 86 907 eller mailto:maren@pestua-gard.no
Alle er velkomne til kvinnehelsekveld med ein kunnskapsrik og inspirerande foredragshaldar, god mat og sosialt samvær!