I går kveld var det dugnad hos Todalen Sanitetsforening i Todalen. Det vart ikkje lege på latsida på noko vis. Busker vart flytta, plen vart opplina med tråd og redskapsboda innreidd.
Ungdomen stod på. Her frå venstre Ola Bolme, Emma S Ulvund, Kristine S Ulvund og Brage H Talgø.
Nokre skarpe hovud kom på å bestille eit gruslass med Per Gjeldnes som til alt overmål vart levert på timen! Så det vart reint så «snørte» på gardsplassen etter at det vart planert utover.
Etterpå vart det kaffelag. Her er Lovise Jørgensen, Sigrun Ørsal og Synnøve Talgø som slapper av i lag med Arne Gjeldnes.
Småhjelparane måtte og få påfyll. Markus Bolme, Emma S Ulvund og Kristian H Talgø.