Todalen sanitetsforening arrangerte årets basar i Sanitetshuset torsdag 23. oktober. I alt kom det inn 40 940 kroner på basaren! Både leiar, kasserar, styret og medlemmer helsar tusen takk til alle som har støtta Sanitetsbasaren med gevinstar og loddkjøp! Dei er overvelda av den store støtta!
Basarborda bugna av mange gevinstar, i alt 48! Kanskje rekord? Det var fine gevinstar både frå private og bedrifter/næringsliv. I tillegg var det tre omgangar med åreslag – det er alltid populært.
Alt før basarkvelden var det kome inn ca. 25 00 kroner. Når det gjeld forhandssalg, er VIPPS eit flott og lettvint hjelpemiddel! Og trekkingslista viser at det er mange utanfor bygda som kjøper lodd og støttar foreninga.
Alle fekk servert gratis kaffe og mat; gode kaffebrød og bakels med graut. Men mest populært var kanskje brødskive og rundstykke med pålegg – da vart det også kveldsmat.
Leiar i Sanitetsforeninga, Solveig Glærum, avslutta med å rette ein stor takk til alle som har støtta årets Sanitetsbasar. Inntekta kjem godt med i det viktige arbeidet som Sanitetskvinnene utfører.
Fleire bilete frå basarkvelden:

Jorunn Husby, Ragnhild Ansnes Moe og Laila Kvendset var ansvarlege for trekking av basargevinstane. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Jorunn Gislaug Ørsal og Kari Margareth Kvendset sel lodd. Mange flott gevinstar. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Leirar Solveig Glærum takka for frammøtet, stor støtte, delte ut refleks og ønska basargjestene vel heim! Foto: Dordi Jorunn Halle.
Her kan du sjå om du har vunne:







