Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sanitetsbasar for tur

Elinor Bolme Onsdag 15. oktober 2014

Todalen Sanitetsforening gjer seg smått om senn klare for årets basar. Den arrangeres i Todalen Sanitetshus søndag 26. oktober mellom 14 og 17.30. I den anledning vil det dei neste vekene bli førehandssalg på Matkroken i Todalen og på Wenju i Amfi Surnadal. Eit par damer tjuvstarta i Amfisenteret i dag, som de ser. Her er det Ivar Jostein Sæther som lettbedt både kjøper lodd og blir med på bilde saman med Ingrid Pedersen.

Allerede no er nokre av gevinstane klare på felleslista, men på langt nær alle. Her kan nemnast ulike strikkaplagg, dittggavekort.no, trearbeide, stort fastelavnsfat, koppesett, fredrikke kopp og valgfri forestilling i Storstuå (kulturhuset). På sjølve basardagen blir det eige barnebord og dagens bord, samt gratis servering til alle som tek turen til Sanitetshuset. Trekninga skjer kl 17.00.

Først publisert: 15. oktober 2014, 06:45 - Sist oppdatert: 14. oktober 2014, 21:45