Todalen sanitetsforening melder at årets basar blir tysdag 24. september kl. 17.00. Basaren er i Sanitetshuset, og det blir trekking kl. 19.30.
Det blir stort basarbord, dagens bord, barnebord og åresalg. Sjølvsagt blir det graut og bakels. Sanitetsforeninga tek gjerne i mot gevinstar til basaren. Gevinstar kan leverast i Sanitetshuset måndag 23. september i tidsrommet 17.00 til 19.00 eller før basaren startar tysdag.
Sanitetsforeninga er ei aktiv forening: Leseven i barnehage og skule, prosjekt for ungdom både på Ungdomsskulen og Vidaregåande skule, helseopplysning, aktivitetar for vaksne og godt vaksne, og ikkje minst så er det krevjande å ha eige hus – det er største utgiftsposten. Så Sanitetsforeninga håpar på god oppslutning om basaren også i 2019!
Det blir førehandssal på Hals/Matkroken 20. og 21. september.
VIKTIG: Sanitetsforeninga har VIPPS for basaren: 534955 Basar Todalen sanitetsforening. Men ikkje vipps over pengar, utan å sjå til at namnet blir notert i basarboka.