Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sanitetsbasar

Sanitetsbasar

Elinor Bolme Sundag 7. oktober 2012

Søndag 14. oktober er det klart for sanitetsbasar igjen. Den blir som før arrangert i Sanitetshuset og startar kl 14, med trekning kl 17. Kommande veke vil det i den anledning bli førehandssalg, både på butikken og rundt bygda.

Ellers melder styret i Todalen Sanitetsforening at dei i år også kjem til å sende julegavar nedover til Estland. Om det er nokon som vil sende med noko lite, er det berre å seie i frå til nokon i saniteten, eller levere det ferdig innpakka og merka tirsdag 6. november kl 18.30.

Estlandsforeninga ved Elsa Jensvoll fortel at turen nedover er den 20. november, og om nokon kunne tenkje seg å vere med, var det berre å ta kontakt med dei.

Først publisert: 7. oktober 2012, 10:12 - Sist oppdatert: 8. oktober 2012, 12:04