Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sanitetsåret 2017 er snart godt i gang

Elinor Bolme Måndag 9. januar 2017

Todalen Sanitetsforening er ikkje kjent for å liggje på latsida, og har allereie starta planlegging av sine aktivitetar for 2017. Mykje skal på plass for den allsidige foreninga som driv både med utleige av leiligheter i Sanitetshuset og frivillig arbeid retta mot kvinners helse og livsvilkår. 

Medlemsmøter

Først ut er medlemsmøte førstkommande tirsdag klokka 19.30. Sanitetsforeninga har møter for sine medlemmer kvar månad, 1. tirsdagen. Januarmøtet er litt forskyva, men styret håpar at oppmøtet blir godt for det. Særleg ønsker dei alle nye medlemmer velkommen. -Vi har fått veldig mange nye medlemmar i foreninga vår i 2016, og skulle gjerne ha fått dei med på våre aktivitetar fortel leiar Maren Ansnes. Vi ønsker no innspel på kva vi kan halde på med i foreninga. Nye aktivitetar er utarbeidd frå vårt sekretariat i Oslo, og vi ser at fleire av desse kan benyttast av vår foreining også, seier Maren.

Strikkekaffe

Strikkekaffeen startar også opp att. Første runde er allereie førstkomande laurdag 14. januar kl 13 i Sanitetshuset. Dette er ein uformell møteplass for alle i alle aldrar som likar å halde på med handarbeid. Så langt er terminen til påske oppsett, med datoane 25. februar og 25. mars i tillegg.

Før jul gav strikkekaffeen bort heile lageret sitt med strikketøy. Den eine forsendelsen gjekk til Sunndal asylmottak, og den andre gjekk til Halsa Statlege mottak i Valsøyfjord.

Stopp vald mot kvinner

Dette er eit av sanitetens  fanesaker, lokalt og nasjonalt. På siste kommunestyremøte før jul fekk alle sanitetsforeningane i kommunen orientere om Raud knapp kampanjen og dele ut knappen til deltakarane på møtet. 

Frå venstre Jorunn Rindal, nestleiar Øvre Surnadal Sanitetsforening, ordførar Lilly Gunn Nyheim, sanitetsmedlem, Randi Lysø. leiar i Torvik Sanitetsforening, Siri Vullum, leiar i Surnadal Sanitetsforening og Maren Ansnes, leiar i Todalen Sanitetsforening.

12. januar arrangerer Surnadal kommune ein gratis fagdag med tema «Vald i nære relasjonar», og fleire i Todalen Sanitetsforening deltek saman med dei andre lokalforeningane på arrangementet.

Årsmøte

Årets årsmøte er mandag 6. februar kl 18.30. Dagen er som de ser avvikande frå tradisjonell møtekalender, men dette er for å tilpasse besøk frå generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening, Grete Herlofson. Styret oppfordrar ALLE medlemmer til å komme til sanitetshuset denne kvelden slik at dei får treffe Grete og ikkje minst få høyre kva organisasjonen har for planar vidare.

Saker som medlemmar ønskar opp til behandling på årsmøtet må sendas skriftleg til leiar Maren innan 20. januar. Same dato gjeld for dei som ønsker å seie opp styreverv, samt forslag til nye styremedlemmer. Dette sendast til valgkomiteen ved Kristine Saksen Ulvund eller Dordi Jorunn Halle.

Omsorgsberedskapsgruppe

Sanitetsforeninga har også ei eiga arbeidsgruppe som driv med omsorgsberedskap. Gruppa er sjølvdreven under Todalen Sanitetsforening med Jorunn Ørsal som leiar. Gruppa arrangerer både førstehjelpskurs og planlegg ein kveld med brannforebygging til hausten. Foreninga har også saman med dei andre lokalforeningane i kommunen ein formell avtale om å delta i kommunens. Er det nokon som ønsker å bidra på dette fagområdet er dei hjarteleg velkomne til det.

Andre aktivitetar

  • Fastelavn, binding og salg
  • Innsamling av klede til Estland 20. april
  • Dugnad på uteområdet
  • Maiblomstsalg
  • Basar 8 oktober
  • Middagsservering
  • Arrangement mot ungdom/russ
  • Medlemsverving

Todalen Sanitetsforenig er ei av 650 lokalforeningar i landet som er del av norges største kvinneorganisajon. Les meir om NKS her: Sanitetskvinnene.no

Først publisert: 9. januar 2017, 20:00 - Sist oppdatert: 26. januar 2017, 10:13